|
|
|
Om Ål Kommune

Motivet i kommunevåpenet er "Åkle-mønster" frå Ål.
Dei tre mønstra symboliserer samstundes dei tre kyrkjesokna
i kommunen med tettstadane Sundre, Leveld og Torpo.
Ål i Hallingdal - ei fjellbygd midt i Sør-Noreg
Generell informasjon - 4700 menneske - 1173 kvadratkilometer. - 22 mil til Oslo - 24 mil til Bergen - riksveg 7 og Bergensbanen passerar Ål - tettstaden Sundre er sentrum i Ål - tre kyrkjesokn; Ål, Torpo og Leveld - seks barneskular, av dei ein privat og ein ungdomsskule - seks barnehagar, av dei to private, god dekking - Ål vidaregåande skule med avdelingane Ål og Lien på Torpo - Ål folkehøgskule for døve, Bakketeigen - Hallingdal sjukestugu
Reiseliv Reiselivet har i Ål ein annan profil enn i dei andre bygdene i Hallingdal. Ål har ikkje dei store turistbedriftene, men meir familie- og hytteturisme.
Kulturbygda Kulturlivet har lange tradisjonar og mange uttrykk. I 1992 vart det bygd eit regionalt kulturhus som har markert Ål og Hallingdal på kulturkartet både med spennande eigenproduksjonar og gjestande artistar av høg internasjonal kvalitet.
Næringsliv - Ål er ei tradisjonell landbruksbygd, største husdyrkommunen i Buskerud. - Hallingdal sjukestugu med sitt sjukehustilbod til dalen i tillegg til det kommunale helsestellet, gjev bygda stor helseekspertise og mykje helsepersonell. - Skulesenter med Ål vidaregåande skule, Lien Landbruksskule og Ål Folkehøgskule og kurssenter for døve - Industriverksemd ved Kleivi Næringspark, Torpo Næringshage, Gullhagen og Oppsjø har styrka Ål som industrikommune. Kleivi Nærinspark er p.t. under utviding og der er gjort store infrastrukturinvesteringar og lagt til rette for salg av mange nye næringstomter. - Ål er leiande i Hallingdal innafor byggebransjen, med fleire store entreprenørfirma og firma innan elektro, VVS i tillegg til arkitekt- og konsulentfirma.
Profil-og omdømmearbeid I eit samarbeid mellom kommunen og næringslivet i Ål har det sidan i 2006 vore igang eit arbeid med profil- og omdømmebygging for bygda. Arbeidet har i 2009 vore i ein hovudprosjektfase og blir vidareført framover.
Kontaktinformasjon Ål Kommune:
Tlf. 32 08 50 00
E-post: servicetorget@aal.kommune.no
www.aal.kommune.no
Presentasjon av kommunen
Velkomen til Ål
Ei fjellbygd midt i Sør-Noreg
- men kva slags bygd? kulturbygd? friluftsbygd? jordbruksbygd? helsebygd? hyttebygd?
bygda å bu i
Generell informasjon - 4700 menneske - 1173 kvadratkilometer. - 22 mil til Oslo - 24 mil til Bergen - riksveg 7 og Bergensbanen passerar Ål - tettstaden Sundre er sentrum i Ål - tre kyrkjesokn; Ål, Torpo og Leveld - seks barneskular, av dei ein privat og ein ungdomsskule - seks barnehagar, av dei to private, god dekking - Ål vidaregåande skule med avdelingane Ål og Lien på Torpo - Ål folkehøgskule for døve, Bakketeigen - Hallingdal sjukestugu
|
|
|
Ål Utvikling AS / Ål Turistinformasjon, boks 35, 3571 Ål - tlf. 32 08 10 60 - post@alturistinfo.no. Copyright: Ål Utvikling AS.
|
|
| |
|
|