
Ål Utvikling AS er destinasjonsselskapet for Ål og vart etablert i 1989. I tillegg til marknadsføring av destinasjonen driv selskapet med næringsutvikling i Ål. Ål Utvikling AS driv Ål Turist-informasjon og Ål Booking. Selskapet har tilhald i Ål kulturhus og to fast tilsette.
Visjon: Maksimal nyskaping og utvikling av næringslivet i Ål.
Forretningsidè: Selskapet skal vera eit samarbeidsorgan som skal ha som målsetting å synleggjere og fremje kvalitetane i Ål-samfunnet.
Mål: Styrke næringslivet og gjere Ål til ein betre kommune å bu, arbeide og feriere i.
Selskapet er eigd av om lag 135 aksjonærar frå dei alle fleste bransjar i næringslivet, hovudsakeleg frå Ål. I tillegg til at kommunen er ein stor aksjonær. Det vil alltid væra eit mål å auke antal aksjonærar. Dette fordi at til fleire som er med å støttar opp om selskapet og bidreg inn i fellesskapet, til meir kan bli gjort til beste for Ål.
Vil du vurdere å melde bedrifta di inn som aksjonær i selskapet eller ynskjer du meir informasjon ? Ta då kontakt med dagleg leiar Kari Grete Kleivstøl. Då kan du få nærare informasjon om kva det kostar å være med som aksjonær, årets handlingsplan for selskapet samt strategidokument og vedtekter.
Ein kortfatta presentasjon av selskapet kan du lese som PDF her
Oversikt over kven som er aksjonærar i selskapet kan du lese som PDF her