Ål som hyttekommune

                       Tormodset       

Ål - ein stor hyttekommune

Ål kommune har ca. 2400 fritidsbustader av ulike slag (frittstående hytter, leiligheiter, gamle seterhus etc.). Bygging og bruk av fritidsbustadar er eit viktig bidrag til næringslivet i Ål. Det er difor av vesentlig betydning for både kommunen og Ål Utviking AS å ha ein god kontakt med dei som har fritidsbustad i kommunen.


Treff for hyttefolk i Ål
Rundt vinterferietid har Ål Kommune og Ål Utvikling AS dei siste tre åra invitert til treff for hyttefolk i Ål. I 2012 blir hyttetreffet arrangert laurdag 25. februar kl. 14.00 - 16.00 i Ål kulturhus, sjå her. Så enten du har vinterferie i veke 8 eller 9 kan du få med deg treffet. 


Nyheitsbrev til hyttefolk i Ål
Nokre gonger i året sender Ål Utvikling AS/ Ål kommune ut nyheitsbrev til alle hytteigarar som har meldt inn si e-postadresse. Nyheitsbreva kan du lese nedanfor:-
Nyheitsbrev hausten 2009 - Nyheitsbrev januar 2010 - Nyheitsbrev mai 2010 - Nyheitsbrev juli 2010 - Nyheitsbrev okt. 2010, nyheitsbrev januar 2011 - Nyheitsbrev våren 2011 - Nyheitsbrev juli 2011, - Nyheitsbrev oktober 2011 - Nyheitsbrev desember 2011.
 
Ynskjer du for framtida å få tilsendt nyheitsbrev for hyttefolk i Ål så send navn og e-postadresse til post@alutvikling.no


Hytteundersøking

I 2008 gjennomførte Ål kommune i samarbeid med Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås (UMB) ei spørjeundersøking for å få betre oversikt over kven eigarane av fritidsbustadar i Ål er, og kva slags ønskjer og behov dei har. Dette for å få eit betre utgangspunkt i arbeidet med å leggje førehalda til rette for dei som eig fritidsbustad i Ål. Omlag 50 % av dei spurte svara på undersøkinga. Eit samanfatta resultat frå undersøkinga kan du lese som pdf her


Ål sin hyttepolitikk
På hyttetreffet i 2009 var det ein presentasjon av Ål sin hyttepolitikk. Den kan du lese på kommunen sin heimeside, sjå her


Treng du handtverker eller ynskjer du å kjøpe hytte eller hyttetomt i Ål ?

Mange av medlemsbedriftene i Ål Utvikling AS tilbyr handtverkstjenester og / eller har hyttetomter til salgs. Ei oversikt over desse kan du sjå her

Informasjon om ledige hyttetomter i Ål kan du og få på servicetorget i Ål kommune og hjå Ål Utvikling AS samt på bl.a. finn.no


Intressert i å leige hytte i Ål ?

Sjå vår oversikt over hytter til leige


 

-          Noe galt med bildet på ”lenker” på engelsk og tysk http://www.al.no/en/html/om_aal/links/  



Bookmark and Share
Norsk English Deutsch

Online booking

Ankomst
Avreise
Ål Utvikling AS / Ål Turistinformasjon, boks 35, 3571 Ål - tlf. 32 08 10 60 - post@alturistinfo.no. Copyright: Ål Utvikling AS.
   
Development: BeWide Technologies    Design: Kreator Kommunikasjon AS    Powered by tellUs    Published with WideCMS